R.quinquefolium Bisset & Moore 1877

– den beste halvdelen av eit tvillingpar

Ved Steinar Handeland.


 

Langt attende i tid var ein av guvernørane i distriktet Tochigi, nord til nordaust for Tokyo, ein stor Rhododendron-entusiast og ville derfor velja seg ein Rhododendron som plante for det området han styrte over. Men kva for ein? Der voks nemleg tre artar som kunne gå inn i den rollen, alle like vakre og tiltalande. Nokre av dykk hugsar kanskje Marte Svennerud som – i ein litt annan samanheng – uttalte: ”Je tek aille sju!”. Den gode guvernør var ikkje så mykje dårlegare, for han tok alle tre, og i Japan vart dei kjende som Yashio-Rhododendron. Ein var kvit, Shiro Yashio, ein raud, Aka Yashio og den tredje var purpur, Murasaki Yashio. Men begrepet Yashio-Rhododendron er mindre kjent blant yngre japanarar, og slett ikkje kjent i moderne Rhododendron-hierarki. Men moderne systematikk har samla alle tre og ein fjerde med i ein seksjon som har fått namnet Sciadorhodion. Alle fire artane er vakre, lettstelte, bladfellande og blomstrar dels på berr kvist, og alle er godt forsynte med fargestoff i bladverket og har ein haustglød som få andre.

Eg kunne gjerne gjort som ho Marte og guvernøren og valt alle fire som min favoritt, men ein er kanskje litt meir favoritt enn dei andre, i alle fall no ved årsskiftet 2001/2002. Utpå våren når R. schlippenbachii står med sine store, bleikrosa blomstrar som ei lett sky over nakne greiner, eller om hausten når blada gløder på sitt mest intense, kan det nok henda eg ville gjort eit anna val. Og når R. albrechtii – Murasaki Yashio - er ei fargebombe i Japansamlinga ein tidleg maidag, kunne og valet vorte annleis. Men no er det ShiroYashio som er min favoritt.

Litt artig er det at dei to siste artane i Sciadorhodion, faktisk har make namn, sjølv om dei ser ganske umake ut. Quinquefolium er latin og tyder femblad. Det greske ordet for femblad er pentaphyllum. Og ser vi på dei to artane, så er dei nesten einegga tvillingar, og Arboretets samling av R. quinquefolium var mykje større heilt til vi fekk ei god blomstring eit år. Då viste det seg at nokre av buskane slett ikkje var R. quinquefolium – Shiro Yashio , men R. pentaphyllumAka Shiro - som blomstrar litt tidlegare og har rosa til raude blomstrar. Blomsterfargen er ganske variabel, men alltid med raudt i seg. Andre skiljeteikn mellom dei to artane finst og når ein ser nærare etter og vert kjent med dei.

Når eg likevel har kåra Shiro Yashio til favoritt, er det mykje på grunn av dei kvite blomstrane. Eg er svak for kvite blomstrar. Dei har noko reint og blygt ved seg som tiltalar. Det fargesprakande er sjølvsagt vakkert og imponerande, men kan verta noko påtrengjande. Eg fotograferer ein del, og på jakt etter gode motiv og fargekombinasjonar er det dei litt duse fargane og lyse eller kvite blomstrar som gjev dei beste bileta. R. quinquefolium er ein plante med mange gode motiv. Dei kvite blomstrane har ei vakker form som fargen framhevar. Enkelte vil kanskje seia at dei kjem for seint, for bladverket er alt komme så langt at det skjuler blomstrane. Men kombinasjonen blad og blomstrar er svært vakker hos denne arten, men ein må ta seg tid til sjå, vera fotograf sjølv om ein ikkje har kamera med seg.

Men det eg først merka meg med denne favoritten min, var bladverket. Dei fem blada som står i ein svært kort spiral i toppen av greiner og kvister, gjev eit delikat inntrykk. Ser vi så på blada kvar for seg, er dei sjokoladefarga som nye, grøne med ein vakker raudbrun teint i kanten om sommaren og vert vakkert raude om hausten. Saman med ein knopp med raude knoppskjel med kvit kant, er det eit syn som kan bergta ein. Og knoppen kan ein nyta heile vinteren, av og til pynta med rim eller litt snøpudder og av og til med vassdropar, eller kanskje i gløden av ei låg sol som sender nokre strålar inn mellom tre og buskar.

Ein kan verta poetisk av slikt, men kanskje eg bør avslutta litt prosaisk om denne arten. Så langt eg har sett han, er han ein liten busk som treng litt tid før han tek til å blomstra. I heimlandet kan han verta eit lite tre, 3 til 4 m, og i fjella kan han oppnå ein høg alder, fleire hundre år er det sagt, og blomstringa kan vera overveldande. I låglandet vert det snart for varmt. I Arboretet trivst han tilsynelatande godt i den lette furuskogen han er plassert i, men han vil kanskje verta endå vakrare i litt meir ope lende. Lys fremjar bladfargar og blomstring, og ein vestlandssommar vert neppe så varm at han skaper problem. I Europa vart han introdusert i 1896, men er framleis nesten umogleg å få kjøpt. Det burde vi endra på, og Rhododendron-liebhaberar burde gå mann av huse og kjøpa eller tinga seg ein liten juvel. Det må i så fall skje snart, for ein ekte juvel vert berre vakrarare med åra, og det gjeld og for R. quinquefolium. Med tida vil vi få ein liten bonsai i hagen, kanskje med litt varsam forming og oppstamming. Men vis tolsemd, og ikkje overdriv gjødslinga. Finaste treformer får vi når veksten er sein. Plasseringa er og viktig. Han må stå fritt og ein stad der vi ofte er og kan sjå han, og der vi har god tid, ikkje ein stad vi hastar framom.

 

 


  Den norske Rhododendronforening                             www.rhododendron.no                                   stiftet den 30.mai 1997