Rh. forrestii  var. repens

Ved Jan Rune Hesjedal

Til trøyst for sjel og sjølvhevd har eg lese at denne planta kan vera vrien å få i trivnad og god blomstring. Planta får eg ikkje til å trivast i min hage, eg har forsøkt alle dei gode råd som var å finna i bøker og hjå andre hagefolk, men nei, ho ser berre litt verre ut for kvart år som går og for kvar ny ”idealplassering” ho får tildelt.

Eg har variert både himmelretning, plantejord, tørt og fuktig, uten å få klaff med vekstforholda til denne lunefulle krabaten. Etter kvart har eg begynt å undre meg over at eg ikkje for lengst har kasta ”vraket” i kompostbingen.  Men heilt utslegen er eg ikkje, og fortsatt er der liv i ”kreket” så no har eg gjøymd henne bort, godt ute av folkesynet og skjult for både sol og måne, der skal ho få eit siste stopp.

 

R.chamaethomsonii Foto Jan Rune Hesjedal             

 

 R.forrestii var repens Foto Jan Rune Hesjedal

Men fortvil ikkje om du vil ha slik ei låg, krypande og raudblomstrande plante med grøne friske blad. Mitt råd er at du held god avstand til Rh. forresti var. repens, og heller skaffa deg ”broren”; han er langt finare, har litt større blad, fleire klokker i kvar blomst og er slik ei fin og trivelig hageplante at ho er ei pryd året rundt. Navnet er Rh. chamaethomsonii. Ho varier ein del i høgda men den lågaste varianten vert ikkje meir enn 15-20cm høg, og om du ikkje er botaniker med spesialfelt Rhododendron vil du knapt sjå nokon skilnad på dei to, båe høyrer til forrestii alliansen og har samme klare raude blomst og mørkegrøne blad.

 

 


  Den norske Rhododendronforening                             www.rhododendron.no                                   stiftet den 30.mai 1997