Ein fjordhage

 

Vi oppmoda dei om å skrive til oss om hagen sin og her fekk vi  følgjande hyggelege helsing frå Holmedal i Askvoll, Sogn og Fjordane:

 

Fargar ved sitjeplass. Foto: Sigvald Vårdal

 

Vi bur på nordsida av den vakre Dalsfjorden. Eigedomen er to dekar med 60 m. strandlinje der det er granskog på neset mot aust, kai, naust, mur som bølgjebrytar og fine svaberg.

Tomta heiter Bergvik og er i to ’etasjar’. Øverst er hus med litt plass for plen og planter. Ved sjøen (første etasje) er det flatt nedst, så berg og steintrapper opp til ’2. etasje’. Etter mykje rydding av skog, kom dei første kjøpte plantene i jorda i 1964. Det var Rh. catawbiense som hekk mot nord (under sterk tvil) og tre stk. av same sort i ’1. etasje’. Dei deler hagen inn i hovudrot og er svært fine etter litt årleg stussing.

 

Hagen er eit evigvarande prosjekt. Her er lunt, så vi strekkjer grensene når det gjeld klimasone (ned til 1). Etter det vart meir å velja i når det gjeld  rhododendron, auka interessa for desse plantene, vi har ca. 125 ulike. Nå er det ikkje plass til fleire utan vi flytter nokre av dei minst fine til utmark, men der er det sauer!!! Vi har klypt ned ein del. Dei fleste har vokse oppatt og må nå få ei ny stussing.

 

Parallelt med samlemani av rhododendron, har det vorte samla ein del sjeldne bar- og lauvtre med vekslande hell. Likeeins heber, lyng, hosta, valmuesøster, liljer, roser, iris, primler m.m. Noko ’går ut’ og då vert det plass til noko nytt og spennande!

 

Det skrå berget mellom 1. og 2. høgda var dekka med eit tjukt lag eføy. Den er nå fjerna og vi har laga terrasser med planter. Noko av det fine berget viser. Nå lengtar vi etter vår og planane er klare – men alderen ’sig på’ så det å fjerna store tre og flytta dei tyngste steinane må andre gjera.

 

Perlene i hagen er to dammar med ein del vassliljer. Den første vart laga i 1969. Mange syntes vi gjorde mykje rart: Vatn i hagen, vi som bur ved fjorden!! Hagen har gitt oss mykje av arbeid og glede. Vi har ein del sitjeplassar så vi kan velja kvar vi skal innta måltidet alt etter ver og vind. Med utsikt frå solstova (vinterhagen) kan vi nyta hagen og leggja planer ved alle årstider.

 

Helsing  Annfrid og Sigvald Vårdal.

 

 

 

 

Bildet viser samplanting hos Annfrid og Sigvald i Askvoll     Foto Sigvald Vårdal.

 

 


  Den norske Rhododendronforening                             www.rhododendron.no                                   stiftet den 30.mai 1997